Per Jan Ingebrigtsen er valt AP-representant i Stord kommunestyre og i Utval for oppvekst og utdanning. Han har eit vake mot vårt aktive kulturliv og har til augustmøtet i utvalet meldt følgjande interpellasjon:
«På Stord har me eit rikt frivillig kulturliv innan dei tradisjonelle kulturområda musikk (kor og korps), teater, dans, og biletkunst. Er det mulig å setja av tid i OKU til at desse får presentera seg for dei lokale kulturpolitikarane under OKU-møta, der me til dømes set av ti minuttar for kvart lag eller organisasjon. I mi tid, både som aktiv utøvar og lokal kulturpolitikar har eg sakna ein slik kontakt. Vonar det let seg gjera.»