Saka avslutt – medan graset gror

Grønt gras veks i grusen der ballbingen skal etablerast. (Foto: Steinar Hystad)

I vestenden av grusbanen i Studalen, ligg framleis delene til det som skulle vore rigga opp til ballbinge for gatefotball. Utstyret har lege i venteposisjonen i halvtanna års tid.  Det forbipasserande har merka seg har skjedd i denne tidbolken, er at graset er byrja gro i grusen.

Ein som har spurt seg føre i kommunen om «tingenes tilstand» for prosjektet, har motteke dette svaret frå Regulering, byggesak og oppmåling:

«RBO v/bygningsmynde motto kallereise i 2022 ein byggjesøknad frå Frelsesarmeens rusiomsorg vedkomande ballbinge på området i Studalen.

Eigedomen er eigd av Stord kommune og det ligg føre avtale mellom Frelsesarmeen og Tekniske tenester om bruk av tomta.

Grunna mangelfull byggjesøknad og dokumentasjon er søknaden trekt og saka vart avslutta i februar i år»

Då stordront.no undersøkte kring bingen i vår, vart det sagt at armeen framleis jobba for å få etablert ballbingen på Stord.