Parkslirekne-fjerning ikkje kommunalt prioritert tiltak

Parkslirekne ved ny gangveg frå Sandbrekka mot Sponavikdalen, er døme på at ny lokalitet har kome til ved flytting av jordmasse. (Foto: Steinar Hystad)

– Er det planar om tiltak for å fjerna parkslirekne langs kommunale køyre- og gangvegar?

Dette var spørsmålet stordront sende Stord kommune, ved Anne Randi Naurstad, driftsleiar for veg, parkering og grønt i Tekniske tenester.

Her er svaret:

– «Fjerning av Parkslirekne er ikkje eit prioritert tiltak i kommunen pr. i dag. Tiltak for å fjerne planta vil krevje store ressursar og gå på kostnad av andre oppgåver i kommunen.

Statsforvaltaren i Vestland har ei tiltaksliste for målretta tiltak mot framande og skadelege artar. For Parkslirekne er tilrådd tiltak å hindre spreiing. Statsforvaltaren prioriterer ikkje nedkjemping av denne planta, då tiltak er kostbare og usikre (med stor fare for gjenoppblomstring).

Kommunen held seg til Statsforvaltaren sine krav og tilrådingar når det gjeld Parkslirekne.

Kommunen har stor fokus på å hindra spreiing av arten med plantedelar og i jordmassar. Nye lokalitetar oppstår m.a. ved flytting av jordmassar og dumping av hageavfall.»