Gjort av hjort  – på epleslang

Slik såg apalen ut etter at hjorten hadde vore på epleslang.

Han fer ikkje akkurat finsleg fram, hjorten,  når han får teften av velsmakande eple. Då går klauvdyret kraftig til åtak og tek det ikkje så nøye om greiner vert  knekte, eller står att utan bladverk. Og han strekkjer seg imponerande høgt i apalen for å sikra seg godbitane. Berre dei øvste epla hong att etter hjortevisitten.