Spandabel natur

Med fare for aldri så lita «banning i kyrkja», blir det denne fredagen sendt ei hjartans takk til ein imponerande rause og spandabel natur rundt oss.

Så ymse blir sagt om tilstaden til naturen, like fullt leverer han det han skal og stundom meir til.  Me tenkjer  på godene som kan haustast, og i sommar har det vore aldeles fenomenalt, i alle fall for dei som har gode vanar innan bærplukking.  Ikkje berre dei dyrka i  eigen hage, men og massavis av blåbær, tyttebær, blokkebær og no byrjar  bjørnebæra bli klare til å leggjast i frysen.  Og plommer – lassavis – eitt av dei beste åra på lenge.  Gildt å nemna når godt hendingar bli oppsummerte.

Nokre  ordspel  å ta med inn i helga:

  • Den smaken som kjeme først i kjeraldet, henge lengste me’.
  • Han slipa ‘kje utan vatn, den karen (om ein som reknar seg god betaling)
  • Gagn og gaman ska’ gå saman
  • Ein får ta te vete, som vete har
  • Da e alt på fram, sa ma’n, han datt håvestupa

Så nokre ord som var på tur ut av stordamålet alt for 50 år sidan

  • Meinleitt = noko som kjem på tverke
  • Meinfara = gjera skade på ein eller annan måte
  • Mjåkka = ta av ein ting så han vert smalare
  • Møle = lune eller lag – godmøle
  • Morren = litt roten, veik, lett for å brotna