Påbod om nedsenking av garn

(Illustrasjonsfoto: Steinar Hystad)

Vi minner om at det er påbod om nedsenking av alle garn i sjø, uansett maskevidde, i perioden 1. mars til 30. september i heile Vestland. Det skriv Statsforvaltaren i Vestland på sine nettsider. Dei skriv vidare:

Påbod om nedsenking av garn
Fleire tar kontakt for tida om reglar for nedsenking av garn. Følgjande reglar gjeld for nedsenking av garn i sjø:

I perioden 1. mars til 30. september skal alle garn, uansett storleik på maskevidde, senkast ned tre meter under overflata i sjøområda i heile Vestland. Heile fangstdelen skal senkast ned (den delen av garnet som fanger fisk). 

Påbodet om nedsenking gjeld ikkje yrkesfiskarar som fiskar etter anna fisk enn laksefisk.

Ingen garn kan setjast nærare 100 meter frå elvemunningane. I nokre fredingssoner er det heilt forbode mot garn- og/eller notfiske. Sjå forskrifta.

Nedsenking av garn i munningsfredingssoner
Fiske etter saltvassfisk med garn, ruse line og teiner skal senkast ned til minst fem meter under havoverflata i munningsfredingssoner (utanfor vassdrag med anadrome laksefisk). Nedsenkingspåbodet gjeld heile året og for alle maskestorleiker. 

For meir informasjon om fiskereglar i sjø, sjå her: https://www.statsforvalteren.no/nb/vestland/miljo-og-klima/fiskeforvaltning/fiskereglar/fiske-i-sjo