Kjenner du nokon som fortener ein pris?

Stovegubbane ved Åge Ottesen (f.v), Svein Harald Grov, Lorentz Kannelønning, Kjell Aasheim, Nils Abrahamsen og Oddvar Rommetveit fekk seniorprisen i fjor. Kven stikk av med årets prisar? (Foto: Steinar Hystad)

Veit du om nokon som bør få ein pris? Det er Stord kommune som stiller dette spørsmålet på eigne nettsider. Dei oppmodar vidare innbyggjarane i kommunen til å nominere kandidatar til dei kommunale prisane og soleis vere med å synleggjera innsatsen stordabuane legg ned i både arbeid og frivillig sektor.

Stord kommune deler årleg ut kulturpris, målpris, eldsjelpris, seniorpris og pris for godt tilgjenge. Innbyggjarane sjølve nominerer aktuelle kandidatar på nettsida til kommunen, og utdelinga finn stad under nyttårskonserten i Stord kulturhus på nyåret i 2025.

På nettsidene kan du finna lange lister over verdige vinnarar av tidlegare prisar, men me veit samstundes at det er mykje som rører seg av viktige initiativ og at årevis av innsats bør løftast fram. Det kan gjelda alt frå enkeltpersonar til frivillge lag, eller til dømes verksemder som legg til rette for godt tilgjenge.

Få med framlegga dine ved å gå inn på denne lenka, og vel kva pris du ynskjer å nominera nokon til. Fristen for å koma med framlegg er 15. september.