Denne helga vert Havnedagane i Haugesund arrangert. Maritime Museum på Nattrutekaien gjer som i fjor, stengjer laurdag 17. august, og tek motorar med til havnedagane. Museumsgjengen frå Stord vart godt mottekne sist, og satsar på suksess også i år.
Nostalgiske motorar med kjende lydar er populære på kaien i Haugesund. For Stord Maritime Museum er dette fin PR, og gjer museet kjent for folk. Fredag vert motorar og utsyr henta, og gjort klare til visning laurdag og sundag.
Venelaget melder elles om bra besøk i sommar, men legg til – at de hadde vore plass til fleire!