Like sikkert som at skulestart nærmar seg – startar mange born og unge den andre veka i august med kjekke fotballdagar og AlleMe.
I tre dagar er det full aktivitet med fotball, leik og moro. Nye vennskap og inspirasjon veks fram. Motivasjon og god læring vert bygd. Sunne verdiar vert styrkt.
Nærmare 70 ungdommar frå Stord, Solid og Trott er med som instruktørar dei tre fotballdagane. Dei er kursa av fotballkretsen i forkant, og med god hjelp frå profesjonelle trenarar i Brann får dei rettleiing og tips i arbeidet sitt.
Det er fjerde året AlleMe vert arrangert og aktiviteten er stor og god på Nysæter, på Vikahaugane og i Prestegardskogen. Frukt og god lunsj vert severt innimellom aktivitetane.
Seinare i haust vert det skipa trenarseminar med Roger Finjord på plakaten.
Tur til Bergen og Brann stadion med dame- og herrekamp står og på menyen.
AlleMe takkar alle sponsorar og støttespelarar.