TILBAKEBLIKK: Undervegs i drifta av Sagvåg skulekor, byrja det koma unge songarar frå Litlabø skule på øvingane og når koret kunne feira niårsdagen var det tid for namnebyte. Sagvåg og Litlabø skulekor var ein realitet og det vart markert me ny fane med korrekt namn: Sagvåg og Litlabø skulekor, fortel Sunnhordland i oppslag med bilete på kultursida 7. april 1984. Songarane kom frå 2. til 6. klasse på dei to skulane og samansettinga fortel klart at å gå kor var ei «jentegreie». Mellom dei 25 røystene var det berre to gutar – forklaringa kunne liggja i at dei unge herrane tykte det var «tøffare» bruka fritida på fotball og den slags aktivitetar.
Samarbeid på tvers av skulekrinsgrenser er altså ikkje noko nytt for bydelen Sagvåg/Litlabø.