På Røde Kors sin raude benk ved nordre utgang av Ami-senteret oppmodar eit lite skilt godtfolk å setja seg nedpå og «slå av ein prat». I utgangspunktet ei gøyale oppfordring, sidan det å «slå av» vanlegvis blir sagt når me meiner at her bør ein slå av musikken, radioen eller eit kvart anna som støyar. Men det gjer sjeldan ein god prat, så det er berre å setja seg på benken og venta på ei eller ein som er ute i same ærend. Kva ein pratar om er ikkje så veldig nøye. Det kan godt vera om slikt som ikkje er så nødvendig, som han sa ein triveleg fitjarbu.
Nokre eldre stordske fyndord å ta med inn i helga
- Eg e vane me’ da, sa ma’n, da gjekk på tap
- Han fyk ‘kje åv sigle (ein som tek det tolegt)
- Da var idle vore (når eitkvart ikkje går som det skulle)
- Gå i fetlingane (når ein heftar seg vel mykje med småting)
- Gagn og gaman ska gå saman
Og nokre ord som var på veg ut av Stordamålet alt for 50 år sidan
- Mankera = mangla, vanta
- Masemot = flink å prata, huga på samrøa
- Maula = eta seint, tyggja lenge på maten
- Med (me) = fiskemed, med og merke
- Mea eller mida = gå eller ro, just så vidt da går på fram