Ustabilt ferievèr verkar ikkje særleg inn på trafikken til dei lunt plasserte gjestebryggene langs Evjo, inst i Leirvik hamn.
Perioden frå 1. januar til 6. august i fjor vart det registrert 1733 betalande båtar til kai, medan talet same tidsrom i år er notert til 1725. Totalt for 2023 vart det ført til protokolls 2112 gjestebåtar – medan talet vart 2367 for toppåret 2022. Leirvik gjestehamn vil vera kjend for si solrike plassering – frå tidleg morgon til seine kvelden kan varme ståler nytast.
I tillegg kan mannskapet frå hamnekontoret som ser til gjestene, motta godord og skryt over fasilitetar i servicebygget, som ligg godt over snittet for norske hamner.