Har alt fått både smak og farge

Både freistande og gode i Stordskogen. (Foto: Steinar Hystad)

– Ville bær har vist seg å overgå det meste av frukt og grønt når det kjem til antioksidantar, og tyttebær er ikkje noko unnatak. E-vitamin, C-vitamin og pektin er mellom dei helsebringande stoff i tyttebær.

Ja, dette er det gode svar frå Store norske leksikon på spørsmålet om det er lurt å etat tytebær. Eit dagsaktuelt spørsmål, i takt med mogning av dei raude små i ein skog nær deg. Som mangt anna godt og sunt frå tre og buskar og lyng denne sommaren, er tyttebæra klare for hausting ei veke og to tidlegare enn «normalt».

Og hugs: – tyttebær i rørt eller sylta form er like godt til viltgryta som til kjøttkaker og fiskekaker.