Dette er motiv å kjenna att

Stort maleri med historisk motiv helsar båtfolket velkomne til  Leirvik. (Foto: Steinar Hystad)

Då Stordront.no midt i juni viset bilete av Aleksander Günther sitt påbyrja maleri på el-containeren nord på Nattrutkaien, vart det frå hamnekontoret lova at ferdig kunstverk skulle bli eit lokalt og attkjennande motiv frå Lerivik. Det er det blitt. Eit forteljande motiv frå den tida Thiisafabrikken på Skotaberg (Hi-sio, som mange sa) også hadde ein større tredel. Trebygget, som vart rive i 1969, stod på «Rønnebergkaien», i  dag ein del av Leirvik Gjestehamn.