Ferjekaien i Jektavik er utstyrt med seks ventefiler, fem til Hodnanes og ei til Nordhuglo. Ei fordeling som stadig oftare skapa uvisse for bilreisande som skal til Nordhuglo. Trafikken til øya har nemleg auka godt, og det medfører at den eine fila vil fyllest opp meir enn trafikktrygt er. Bilar bli ståande i nedkøyrsla til ferjekaien og sperrar for buss og andre som berre skal setja av eller henta folk. Alt dette medan ventefil nummer 5 til Hodnanes har massvis ledig plass. Den er som regel aldri i bruk. Løysinga på ventefilproblemet tykkjest vera så enkel som at femte Hodnanes-skilt vik plassen for det andre (og nytt) Nordhuglo-skilt.