Slutt på parkering og fiskesal

Situasjonebilete frå tidleghausten 1983 – då Nattrutekaien var både handel- og parkeringsplass. (Foto: Tor Resser)

TILBAKEBLIKK: Nokre av dei første åra på 80-talet var Nattrutekaien ein populær plass i hamnebyen Leirvik.  Ikkje minst, var det ein grei plass å parkera når ein skulle på Vikjo på handel. Laurdags føremiddag  kunne rekkja av parkerte bilar vera  lang, til ei  viss fortviling for hamnesjefen som ynskte bruka kaien til andre ting.  På haustparten 1983 varsla hamnestyret at dei hadde søkt vegstyremaktene om å få hengja opp  skilt som sette forbod mot  parkering området.  Med skiltet på plass, stod ein sterkare  når det galdt å visa bilane vekk.  Skiltet kom, og heng  ved innkøyrsla til kaien framleis – 41 år etter.

Kring same tidsrom skjedde ei anna endring på Nattrutekaien, som også vekte engasjement frå publikum.  To tre føremiddagar i veka la fiskarar frå Halsnøy til  kaifronten med nyslødd  fisk og anna havgodt. Eit så populært tilbod at  folk stilte tidleg i ventekø for å sikra seg nam-nam til middag  eller kveldsbordet. Etter kvart kom det nye reglar for denne slags verksemd, som sette  stopp for direktesalet mellom fiskar og fiskekjøpar. Fangsten skulle heretter innom mottak for manntalsføring, før han kom ut på marknaden.