Effektiv kaivask

Kaidekket er blitt tiltalande lyst og fint etter spylinga. Litt står att. (Foto: Steinar Hystad)

Om ikkje kvar sommardag så langt har hatt med seg høgtrykk, viser i alle fall arbeidet med høgtrykk-spylar godt att ved  gjestehamna på Leirvik. Der har betongdekket på Ventekaien og Notahaugskaien fått seg ein omgang med  trykkvatn og er blitt vesentleg trivlegare i utsjånaden.  Og dermed også å ferdast på.  Det er gilde ungdomar på sommarjobb som har gjort jobben, og etter det Stordront får opplyst står heilt ferdiggjering  av vasken på arbeidsplanen.  Dermed kan me slå fast at: – «Da stadigt kjeme seg på Vikjo.»