Høgt smell frå Bårdsund i Leirvik hamn

«Bårdsund» til kai i Leirvik hamn. (Foto: Steinar Hystad)

Vest politidistrikt melder om at naudetatane rykka ut til eit farty ved kai i Leirvik hamn etter meldingar om eit høgt smell tidleg lunsjtid tysdag føremiddag. Fartyet det er snakk om er «Bårsund» (biletet) og smellet kom då loket på ein tank med fiskeavfall vart blåst av.

Ein av mannskapet er køyrt til legevakt for sjekk av mindre kuttskadar. Politiet driv undersøkingar på staden.