Langs Rommetveitvegen, langs Tysevegen og Vestlivegen og ikkje minst langs E39 på strekningen Førlandskrysset mot Ådland bru. På alle desse stader, pluss mange andre, står for tida den gule og giftige Landøyda i full blom. Tidlegare i sommar vart det gjennom oppslag på kommunen si heimeside bede om publikumshjelp til å fjerna planta. Plukka planter kan leverast til SIM på heiane – i gjennomsiktig plastsekk: Slik lyd meldinga frå kommunen:
Landbruks- og miljøkontoret får inn fleire meldingar om planta Landøyda og ønskjer difor å informera om arten og kva me kan gjera for å hindra vidare spreiing.
Landøyda er ei fleirårig plante som er giftig for dyr og menneske. Ho veks langs grøfter, vegar og skogkantar og i eng og beite. Landøyda er giftig både når planta er fersk og tørka og det er difor viktig at ho ikkje kjem på beite eller i eng. Pollen og nektar frå landøyda inneheld fleire giftstoff og kan difor vere problematisk for honningproduksjonen òg. Planta spreier seg og det er difor viktig å vere merksam på kva som kan gjerast.
Kva kan me gjera?
Enkeltplantar kan lukast vekk med hanskar og bli kasta i restavfallet. Større førekomstar kan kuttast før frøsetting og hivast i restavfallet.
Norsk institutt for bioøkonomi: Landøyda – et problem utenfor regelverket
Sjå faktaark om Landøyda for meir informasjon.
Kartlegging på dugnad
August er et godt tidspunkt for å finne landøyda langs veier og jorder. Landøyda blomstrer seint, fra juli til september.
Landbruksavdelingene hos Statsforvalteren i Agder og Rogaland ber nå om hjelp fra publikum til å rapportere funn av landøyda. Solfrid Mygland oppfordrer alle som finner landøyda på nye steder til å registrere sine observasjoner på Artsobservasjoner – rapportsystem for arter i Norge