På oppslagstavlene på Huglo har det ei tid i sommar blitt meldt om planar for ny bygdahusbasar, under føresetnad av at det samlar seg eit passande tal premiar..
– Eg er beint imponert over responsen, sa komiteleiar Wenche Taranger, då ho laurdag ettermiddag ønskte fullsett gymsal i bygdahuset (gamleskulen) vel møtt til årets basar med føremål å skaffa kronasje til vedlikehald av huset. Langs scenekanten og litt av langveggen var det utstilt premiar nok til to rundar årar og trekking «på bok». Alt gåver frå private støttespelarar. Ja, absolutt imponerande, når ein i tillegg anar at dei som gir, i mange tilfelle er dei same som leverer bakst til triveleg måltid, står for servering – og kjøper lodd.
– Herleg dugnadsånd til felles beste, og rundt 60.000 i inntekt til Huglo Bygdahus, slik at rehabiliteringa kan halda fram, summerer Taranger.
I salen held den gode stemning seg til siste trekking, med avsluttande klappsalver då bygdalagsleiaren takka arrangørane for det gode tiltak.
Dette var andre året med bygdahusbasarsuksess – og såleis er det å rekna med at Huglo har fått på plass ei ny sosial sommartradisjon.