Me tek oss ein pause

Er sola på veg ned for stordront.no? Me får sjå til hausten. No tek me i alle fall ferie! (Arkivfoto: Steinar Hystad)

Frå og med i dag, fredag, tek redaksjonen i Stordront.no ferie. Det betyr at det i komande veker ikkje vil komme drypp av ultralokale nyhende frå oss.

Kor lang ferien vår blir er framleis litt i uvissa. Kan henda kosar me oss så fælt med andre meir innbringande gjeremål at me ikkje kjem att i det heile. Det vil tida vise. I mellomtida kan de glede dykk over at ein av dei andre pågåande prosjekta kjem til å ende opp i ei ny bok med lokale mimregodbitar. Den vert over same leist som «Vikjo», «Sagvåg» og «Stordhendingar». Tradisjonen tru vil den vera å få tak i rundt farsdag i november. Berre å følge med!

Då står det berre att å takka alle trufaste lesarar – og tipsarar. Me er takksame for alle bidrag me har motteke.

Ha ein fin sommar så lenge!

Sommarhelsing frå
John Erik Jørgensen