Vakkert morgonmøte

Ja, berre ta biletet av meg du, sa hjorten – til sjåføren. (Foto: Steinar Hystad)

Hjorten stod fem-seks meter frå grusvegen og verka ikkje vera redd godtfolk i det heile. Snudde berre hovudet mot bilen som stoppa og sende eit klart blikk mot sjåføren,  som stirra tilbake og bad  det flotte dyret stå i ro så møte kunne forevigast. Sjeldan å få såpass nærkontakt med hjort som denne morgonen.

Ja, so roleg som denne kolla (?) var, byrja sjåføren lura på om det var ein kalv med i opplevinga. Allvitaren i Google, svarte dette på kalvespørsmålet:

«Kalving skjer i månadsskiftet mai-juni og ved fødsel veg kalven 8-10 kilo. Dei tre-fire første vekene er den næringsrike morsmjølka heilt avgjerande for kalven. I denne perioden legg han på seg gjennomsnittleg 500-600 gram pr. dag og etter tre til fire månadar er fødselsvekta femdobla.»