Blir eit lokalt motiv

Lokalt motiv på containeren skal helsa velkomen til Leirvik. (Foto: Steinar Hystad)

Frå å vera gråleg, litt kjedeleg i koløren – er sjøsida av  el-containeren  heilt nord på Nattrutekaien blitt ganske så frisk i fargane. Kva skjer?

Her kan Hamnekontoret opplysa at kunstnar Aleksander  Günther er hyrt inn til laga ein spesiell  velkomsthelsing  til dei som kjem sjøvegen til Leirvik.  Det står enno att ein del arbeid på  maleriet  på containerveggen.

– Kan me ana eit lokalt motiv?

– Det kan me, berre vent og sjå til  kunstverket er ferdig, seier dei løyndomsfullt på hamnekontoret.