5 knop i Leirvik hamn

5 – står for maxfart fem knop innfor  «streken» mellom Husøyo og Djupevikneset. (Foto: Steinar Hystad)

På to nes ved innseglinga til Leirvik, på Husøyo og ved Djupavikjo,   vart det tilegare i år sett opp skilt  som viser stort 5’tal innrama i raudt, med undertittel «NÆRINGSFARTØY».  Hjå hamnestellet får Stordront opplyst at skilta er sett opp av Kystverket. Difor har dei også den nye utsjånaden  med kraftig raudfarge, på same vis som skilt som viser kor kablane ligg i sjøen.

Spørsmålet som melder seg er om 5 knop frå  varslingspunkta og inn til kai i Leirvik berre gjeld for næringsfartøy. Kva med lystbåtar, mindre fartøy?

Marianne Kolstø ved hamnekontoret opplyser at ansvaret for fartsføresegner er blitt delt. Kystverket opererer næringstrafikken, medan kommunen/hamnestellet har øvrig ansvar.  Det blir arbeidd med ei ny lokal forskrift, som skal til endeleg  politisk vedtak.  Forslaget går på fem knop som maksfart  hamnebassenget, og ikkje minst den uskrivne regel om omsynsfull køyring med båt.