Største løftefartøyet i verda

Ruvande på Vikafle fram til midt i neste veke. (Foto: Steinar Hystad)

382 meter lag, 123,75 meter breid og bruttotonnasje på 403.342. Dette er dei «strategiske» mål på «Pioneering Spirit», største lastefartøyet i verda. Skipet ruva godt då det i morgondisen onsdag i sjutida manøvrerte seg inn til oppankring på Vikafle.

Hamnekontoret opplyser at fartøyet har levert eit stålunderstell frå Ekofisk til hopping på Eldøyane og har bestilt ankringsplass fram til 4. juli.

Sist «Pioneering Spirit» var på Stord-besøk, var sommaren for to år sidan.