Idyll – men så gjekk fuglen til åtak

Møte mellom Emilie og måka verka idyllisk i førstninga, men fuglen hadde skumle intensjonar (Foto: Steinar Hystad)

Emilie tok seg eit kjapt måltid ved eit at borda  ved bussterminalen på Leirvik kai medan ho venta på busstransport. Ein stormåke tok snart kontakt og vart etter kvart  så fritt-tenkjande at han  stilte seg oppå trebordet. Nesten idyllisk, såg det ut. Men måken vart  tydeleg meir enn interessert  i brødmaten ho hadde i handa. Like etter at det kjekke motivet, jente og måke, hadde fått plass i mobilen, var tolmodet hjå den kraftige fuglen oppbrukt og han gjekk direkte til fysisk åtak for å tå tak i brødbiten. Det skjedde frekt og raskt og vart nok alt anna enn eit behageleg minne frå ventetida på Leirvik kai.

Dette til åtvaring for andre som planlegg  inntak av  mat ved bussterminalen.