Grytidleg oppe må ein i alle fall vera, om ein ønskjer å vinna kampen om det aller, aller første eteklare 2024-bæret på bringebærbusken. Seint måndag kveld vart bæret som hadde fått ganske fin raudfarge kontrollert endå ein gong, med det til følgje at bæret fekk henga ei natt til før smakstesten skulle takast. Ei total feilvurdering, skulle det visa seg. Ei trast, ei skjor, ei linerle, ein stare eller ein spurv (?) med raud brystkasse, alle med adresse i nabolaget, tenkte annleis og stod opp tidlegast. Ein liten snipp av årets første raude var alt som hang att. Det vart teke som velmeint varsel om å få på plass fugleskremselet.