– Kva skjedde under båten, tru?

Harp i vast utgåve etter fisketuren og besøk av storlyren. (Foto: Steinar Hystad)

Med stong og sluk på babord og harpa med  seks onglar på styrbord, alt i rett Nuen-posisjon til  lyrfiske. Han er gjerne på «på bete» ein stillsleg sommarkveld.  Sluken var ikkje forvel blitt våt, før  han var der. Stonga bøygde seg nesten i sirkel, og fiskaren rope ut at, – ditta e ein storfisk.

Lyren var i kamphumør og skøyna både der og her, og laga god bremselyd i snella.  Brått kjende harparen eit rykk i snøret, og  fekk straks forklaringa frå babord side. – No ser eg fisken  og da e nett så han har den raue dingsen (søkket) på ryggen.  Å nei, der stakka  han, og tok sluken med.

Opp frå sjøen kom ei lett samanvasa harpe på styrbord. På babord vart senen sviva inn på snella og i enden av denne hong «auga» kor sluken ein gong hadde vore festa. «Auga» var delvis ope, og akkurat det gav spore til heftig ordskifte om kva som kunne har skjedd under båten.

Kunne forklaringa vera så fantastisk god, at storlyren  hadde teke seg ein sving  rundt harpa, slik at senen på denne hadde glidd på senen tilhøyrande snella på stonga, til han til slutt traff «auga» rett oppom sluken og opna dette slik at lyren kunne reisa avstad med «Stingsilda»?.

Fiskesoger kan vera utruleg – men like fullt sanne.