Ber kommunen vurdera tiltak i buss-stoppet

Gul markering viser kvar privatbilar køyrer for å unngå «humpen» i hovudvegen. (Ill frå sakspapira)

Tide si bussavdeling på Stord har sendt kommunen oppmoding om fysisk tiltak for å endra trafikkmønsteret i  buss-stoppet ved krysset Kårevikvegen/Langelandsvegen.

–  Dette stoppet har ikkje fart-regulerande tiltak (hump), og det medfører at privat-bilar ofte nyttar buss-stoppet som ein «by-pass» for å sleppe fartshumpen som er i hovudvegen, skriv Tide. Og vidare:

–  Når bussen IKKJE treng å nytte stoppet – men følger vegen, så oppstår det ein del trafikkfarlege hendingar. Om bussen er i hovudvegen og stoggar for fotgjengar som skal krysse frå Langelandsåsen og over mot Langelandsvegen, så kan det verta særs trafikkfarleg ved at personbil som køyrer «by-pass’en» ikkje ser fotgjengar.

Tide ber med desse bakgrunnar kommunalt vegmynde vurdera tiltak i form av skilting for å sikre at innkøyringa til stoppet, og stoppet, berre vert lov å bruka for buss/kollektivtransport.