Albino revebjølle?

Kvit revebjølle innom Skjephaugen (Foto: Jakob Vik).

Godt å ha mobilen klar for fotografering på tur, slik at spesielle syn og oppdagingar kan dokumenterast der og då. Det var det  Jakob Vik gjorde på turen framom Skjephaugen nyleg, då ei kvit revebjølle brått stod høgreist ved skogsvegen. Såleis blir det her stadfest at det finst albinoar i plantevera også.