– Gå mot vinden, du får raudare kinn

Kunstverket skal lys-settast og kjem fullt til sin rett når mørkret sig på. (Foto: Steinar Hystad)

– Eg er usikker på om det er noko eige namn på bygget, me snakkar som oftast om det som Leirvikstova eller berre Bandadalsplassen, seier kulturrådgjevar  i Stord kommune Ragnhild Tveit om bygget som nett har fått eit kunstverk på ytterveggen i sør. Tittelen på installasjonen er henta frå Rolf Jakobsen sitt dikt Nord: – Gå mot vinden, du får raudare kinn

– Dette er eit verk av lyskunstnar Pekka Stokke, laga i samarbeid med Oma Baatbyggeri  AS som har produsert skulpturen i aluminium.  

Arkitekt Steinar Hillersøy Dyvik (frå Stord, jobbar i Trondheim) har teikna verket.

– Kunsten er ikkje heilt fullført, det står att å installere ljos, som er ein viktig del av verket. No vil jo ikkje ljossettinga koma til sin rett før det blir mørkare i været, så det blir spanande å sjå korleis det blir til hausten og vinteren, seier Ragnhild Tveit til Stordront.no