Blei ein fin bålkveld

Høgreiste bål brann trygt ned på Leirepadl. (Foto: Steinar Hystad)

Jonsok-tradisjonen/St.Hans-tradisjonen med samling kring fellesbål på Leirepadl, etter  fotballkampen på Leirvikestølen, der alle som vil er med, vart gjennomført på sitt gode vis på også dette året. Huglo IL er fast arrangør og frammøtet var godt.  Det som gjerne var litt uventa denne jonsok-dagen, var at det skulle ta så lang tid for sola å bryta gjennom eit varierande og tidvis trugande skydekke. Til slutt vart det nokre solstråler over bålkvelden.