Klypa og Lothepus kjem på «Fest i Vest vorspiel»

Fest i Vest har gleden av å annonsera at det blir vorspiel til laurdag i eget festivaltelt i Sagvåg med besøk av KLYPA og LOTHEPUS i eget telt på festivalområdet klokka 17:30! Det blir liv og røre i teltet før konsertområdet opnar.

«Å få besøk av desse to karane blir stas, me gler oss heise! Me har historisk sett hatt det rolig mellom dagprogrammet og konsertane på kveldstid på laurdagen, men i år prøver me oss på noko nytt «mellom slaga»» seier festivalleiar Britt Heidi Værøy.

«Det blir kjekt å prøve noko nytt, me har ved tidligare arrangement prøvd oss med telt i havne, men har ikkje truffet med konseptet, me ser allereie på billettsalet at dette blir ein suksess» seier Anders Fosse. Det er mogleg Lothepus kjem fykande til Sagvåg med Lothepus Airlines, men dette er ikkje i boks enda, det som derimot er garantert, er at han klarar ikkje å holda seg vekke frå scena når Gunslingers går på scena!

Frå før er det kjent at Gunslingers, Wig-WAM, Reidar&De, No September, Hystadmarkjo Spelemannslaug, Tubesnakes, Crashville og Goodfoot kjem til årets festival.