– Så ska hu tebakers igjen…

Frå vår sjåstad er sola si vandring ganske enkel. Nett før jul står hu seint opp i området kring Borgundsøy, lett til høgre frå vår sjåstad. Ittekvart så dagane går og da vårast littegranne, tuslar solaoppgangen seg mot venstre, framom Valendalen, via Ulavnåsi og lika forbi Englafjedle. Då er me komne til nett før santehansen og solo snur og ska tebakers til Fjelberøyane igjen.  Slik har hu hulde på år itte år, ja faktisk i alle år så har vore. Fantastisk.  Eller som gode Fleksnes sa: – Det er meir mellom himmel og jord enn nokon annan stad.  God helg.

Nokre  velmeinte  fyndord på vegen vidare:

  • Ulike fat, skapar ulike augo.
  • Nokre meiner alltid at ein annan stol er betre
  • Sløseri med guds gåver, sa kråka då bonden sådde kornet
  • Mange ville ha det godt, om ikkje andre hadde det betre
  • Graset er alltid grønar på den andre side – av gjerdet.

Så nokre ord som var på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan:

  • Kåsa = Dunge av kler, eller anna, lag rotut og utan orden
  • Laberg = flatt berg ved sjøen der ein lør opp ved og liknande. Naturleg bryggja.
  • Leven = sjau og bråk
  • Likka = lea seg lite og tolugt
  • Lopa = springa fort