Her har furua «bite» over metallet

Furua  – har bite seg fast i forbodskiltet. (Foto: Steinar Hystad)

«CAMPING FORBODE», var ein gong den klare bodskapen på skiltet som vart spikra eller skrudd på ei kraftig furustamme  i Sponavikjo. Forbodet mot telting på bakkane der, står nok enno ved laget, sjølve om  meldinga på skiltet byrja bli noko uklar.  Men at oppslaget har hengt i lengste laget  går fram av øvre kant metallet, der sjølve stamma på eit vis har bite seg fast. Furua har tatt tak i skiltet i  form av både ei «overleppe» og ei «underleppe» er på veg. Spesielt, men truleg ikkje så greitt for furua.