Blå ja, men vent litt med plukking

Ser freistande ut, men gje dei litt tid til å få opparbeidd den gode smaken ande. (Foto: Steinar Hystad)

Når Stordront vågar seg utpå med eit blåbærtips i desse dagar,  når det blånar freistande i grøn lyng, har det med smak å gjera.  Torsdag kveld testa me nemleg nokre blå blåbær frå forskjellege tuer, berre for å oppleva at smaken var i suraste laget. Bæra treng sol for å få fram meirsmaken, så gje dei nokre dagar til. Juli er no liksom blåbærmånaden.

Elles ser ut for å vera nok blåbær til alle som finn fram spann og plukkar og emnar seg  på bærtur i sommar.