Spurde om utvikling av Litlabø og Sagvåg etter skulenedlegging

(Foto: Steinar Hystad)

I kommunestyret måndag stilte Mohamed Kallel (Raudt) spørsmål til ordføraren og koalisjonen om utvikling av Litlabø og Sagvåg etter nedlegginga av Litlabø skule:

Frå både Sagvåg Forum og Solid kom det tydelege innspel om at Litlabø skule vert rekna som sentrum, og difor eit viktig offentleg tenestetilbod i bydelen. Det kom også fram at bydelen Litlabø står framfor eit
generasjonsskifte, der fleire barnefamiliar ønskjer å busetja seg. Spørsmål til ordførar/koalisjonen:

  1. Vil det i heile teke vera mogleg å byggja ut og vidareutvikla Litlabø etter nedlegging av Litlabø skule?
  2. Stord har ei målsetjing om 1% folkevekst pr. år. Gjeld denne målsetjinga Litlabø bydel? På kva måte kan
    Litlabø kunna bidra til dette?
  3. Kva tenkjer de nedlegging av Litlabø skule vil ha å seia for bustadbygging/ utvikling i Sagvåg?

Slik svara ordførar og koalisjon;

  1. Ja det vil væra mogleg å byggja ut og vidareutvikla Litlabø. Alle som er busett i området rundt Litlabø vil
    tilhøyra ein skulekrins som har Tjødnalio som sin nærskule. Det betyr at dei får nyare skulelokale, med
    fleire spesialrom tilgjengelege i skuleanlegget, andre leikeapparat i skulegarden og ny SFO. Ved Tjødnalio
    skule vil elevane møta eit større fagleg miljø med meir variasjon og fleirlærarsamarbeid fordi skulen er større og har fleire tilsette. Dei fleste av lærarane som i dag er tilsette ved Litlabø, vil og vera med over til Tjødnalio og Sagvåg skular. Dette er moment som også kan bety at fleire faktisk ynskjer å busette seg i Litlabø området. Litlabø krinsen er også knytt til det nye flotte anlegget på Nysæter. Her har me fått på plass Noregs flottaste Ungdomsskule, ny fleirbrukshall, ny basishall, 25 meter svømmebasseng og klatrehall. Litlabø har mykje å væra stolt over og spesielt gruvene på Litlabø. Ein har også flotte tur områder med lysløypa rundt hustrudalen og flotte bade moglegheiter i Storavatnet. Ordførar har registrert flest negative tilbakemeldingar på nedlegging av Litlabø skule. Men det kjem også meldingar frå personar busett på Litlabø/Nysæter som er glad for at dei får flytta elvane til Tjødnalio og Sagvåg på grunn av dei gode kvalitetane som er på dei to skulane. Så bilde er meir nyansert enn det som kjem fram igjennom media og SoMe då innbyggjarar kvir seg med å ytra sine meiningar.
  2. Denne målsetninga gjelder for Stord kommune som heilheit og er ikkje brote ned til ulike bydelar. I ny oppdatert arealplan som vil komma for 1. gongs handsaming etter sommaren vil det væra ein fordelingsnøkkel på kor i Stord kommune me ynskjer vidare utvikling. Her er ambisjonen til ordførar at ein også skal leggje til rette for vidare utvikling i området rundt Litlabø og Sagvåg generelt.
  3. Som beskrive i svar 1 og 2 har ordføraren ambisjonar for Sagvåg. I den reviderte arealplanen som kjem til 1. gongs handsaming etter sommaren vil det væra beskrive korleis kommunen ser for seg vidare utvikling av Sagvåg. Her kjem me til å leggje opp til høyringsrundar og gode prosessar for å lande på ein arealplan som skal vise korleis me skal utvikle alle bydelane i Stord kommune også i Sagvåg/ Litlabø.