EM-sendingar i partyteltet

I partyteltet er det rigga med bord og benker og storskjem. (Foto: Steinar Hystad)

På høvande tomt nokre timetrar oppom ferjekaien på Nordhuglo, vil eit party-telt bli ein sosial samlingsplass for sportsinteresserte framover. Under telttaket er det rigga til med bord og benker og storskjerm. Straum er kopla til og via mobil og framvisar blir TV-bilete formidla.

– Kvifor ikkje samlast å sjå EM-kampane, tenkte me – og som tenkt så gjort, fortel  kvartetten i teltet. På skjermen møtest Ungarn og Tyskland. Seinare på kvelden møteset Skotland og Sveits.

– Og her er alle velkomne?

– Ja, er det det berre å stiga på. Me håpar det kan bli eit greitt treffpunkt i sommar. Kort tid etter fotball-EM er ferdig i Tyskland, byrjar OL i Paris, så her kan bli mange trivelege timar i teltet, helsar initiativtakarane.