Alle 2024-brøytepengane brukte

Med fleire kraftige snøfall, vart det mange tøffe brøyteøkter – òg på gang- og sykkelstiar – i vinter. (Arkivfoto: Steinar Hystad)  

Tertialrapporten for kommunen vår er interessant lesnad, som i detalj informerer korleis det ligg til med pengebruken i høve til budsjettet dei fire første månader i år. Rapporten gjev også eit aktuelt biletet på dei mange tenesteområda kommunen har ansvaret for.  Vinterdrift av vegar, fortau og gangvegar eit eitt av dei. Akkurat på det området vart det særs travel vinteren  2024,  som baud på fleire periodar med djup snø å fjerna. Det gjekk økonomisk slik:

«Det har vore ein snørik og kald vinter. Heilårsbudsjettet for tenesteområde vinterdrift er på kr 1,7 mill. kr og pr. 30.04. er det brukt kr 2,44 mill. som gjer eit negativt avvik med kr 0,76 mill. Sidan kommunen har ansvar for å sikre at kommunale vegar er opne og sikre og soleis ivareta sitt ansvar for samfunnskritisk infrastruktur, ser me det som naudsynt å melde om at ein ikkje har driftsmidlar til vintervedlikehald ut året.»