Henta foil til «Ekspressen» i Japan

Høvande framfoil vart funnen i Japan, no er han klar for montering hjå Oma Slipp. (Foto: Steinar Hystad)

– Jo, no går det fint på fram med istandsetjing av hydrofoilen, men det står enno att halvtanna års arbeid før han kan koma seg opp «på albogane» på sjøen, seier Oddvar Oma ved Oma slipp til Stordront.

Etter å ha stått i ro mange år ved slippen, der mykje er blitt gjort med den veteranen, vart han tidlegare i veka både løfta og snudd.

– No er han kome i høvande høgd til at framfoilen kan monterast.  Før me kom over ein passande foil i Hiroskima i Japan, var det planen å byggja  ny foil her på verkstaden, noko som ser ut for at me må gjera med foilen akter. Me har teikningane klare, fortel Oma..

Det blei litt av eit puslespel å finna deler  til oppattbygginga av det maskinelle om bord, i dette arbeidet har verft i Mesina og Napoli  vore til god hjelp. Det var frå Italia dei fleste hydrofoilbåtane kom for eit godt halvt århundre sidan.

10 tonn viste vekta då «Ekspressen» vart løfta opp på nye «bukkar» – klar for å få påmontert framfoilen. (Foto: Steinar Hystad)