Dumbo i Landås-skogen

Du finn Dumbo på ved vegen frå Vabakkjen innover mot Landåsen… (Foto: Steinar Hystad)

– Kor har me sett eit spesielt dyr som liknar på den der? Det var spørsmålet som melde seg då me ein kveld nyleg  tok trimturen  «ront Landåsen». Var vel komne  om lag halvvegs til sjølva Landåsvatnet, då me kasta blikket inn mellom nokre bjørkebuskar på venstre vegskulder.

Der stod ein mosegrodd trestubbefigur som sende tankane rett  til  Disney si fantasiverd og ein flygande elefantonge med namnet Dumbo.

Her var då både snabel og store øyre…