Må venta på neste trafikksikringsplan

Brukar ønskjer overgangsfelt og fartsdump der Trudvangsmoget munnar  ut i Borggata/Fv 5050. (Foto: Steinar Hystad)

Ved fleire høve har kommunen motteke  etterlysing av eit gangfelt/fartsdump  der Trudvangsmoget munnar ut i Borggata (fylkesveg 5050)  ved Dampgården. Også nyaste søknaden, motteken no på førsommaren, får nei som svar – sjølv om tanken på  gangfelt over gata på denne staden viser seg å vera eit gamal sak. Like tilbake til 1987, då det var synfaring til den private vegen i smoget av utsendingar frå lensmannskontor, kommune og Hordaland Fylke. Dei kom fram til at det ikkje var tilrådeleg å skilta Trudvangsmoget  son gang/sykkelsti.  Smoget har med bakgrunn eigartilhøvet ikkje vore ein del av eit samanhengande kommunalt gangvegnett. Tiltaket er ikkje å finna i gjeldande trafikksikringsplan.

– Då det ligg mange tiltak som er prioritert i planen, vurderer me at forslaget må vurderast nærare i samband med rullering av trafikksikringsplanen, skriv kommunen i svarbrevet.