Lysaste døgeret i år – torsdag 20.juni

Nei, ein bør ikkje sova bort sumarnatta, ho er faktisk for fin til det. Også klokka 04.14 på Vikafle.

Dei som er interesserte i å sjå når sola «snur» og set kursen mot færre lyse timar i døgeret, må retta syner mot vest og håpa på skyfritt torsdag 20. juni klokka 22.50 (i fjor skjedde det same 21. juni kl. 16.57). Solsnu skjer i det sola når sitt nordlegaste punkt, sett frå jordkloden, opplyser fagkunnskapen.