– Her bør koma saksebom

Saksebom  på fortauet ved Langlandsvegen vil gjera det sikrare på bruka overgangsfeltet i «uvissekrysset» mot Verftsvegen. (Foto: Tipsar)

Brukar av Verftsvegen ønskjer å gjera merksam på ei trafikkfelle i  «uvissekrysset» mot Langelandsvegen. Der er det også eit overgangsfelt som blir brukt av elevar frå Utbygdo til vidaregåande skule og elles aktivitetar på Vikahaugane.  Tipsaren i saka peikar på vegetasjon som  gjer at gåande og syklande på veg ut i overgangsfeltet kjem veldig brått på bilane på veg opp Verftsvegen.

– Det har vore «nære på» ein del gonger, difor er det på sin plass med ein saksebom i enden av fortauet på Langlandsvegen, seier tipsaren til Stordront.no