Med rimeleg store bokstavar er startstaden for den tradisjonsrike tysdagstrimmen markert i asfalten på Vabakkjen. Mange er dei som har trødd framom bokstavane og lurt på kvifor det på sett og vis er ein ekstrabokstav i ordet. Somme vil meina at forklaringa er å finna i nemninga heilgardering – i valet mellom bokmål og nynorsk skrivemåte. Sjarmerande er det lell.