Bør snarast hengast opp att

I høgt gras gjer ikkje dette skiltet nytte for seg. (Foto: Steinar Hystad)

Kva bakgrunnen for at informasjonsskiltet ligg gøymt i høgt gras kan vera, skal me ikkje spekulera så mykje på.  Men kanskje nemna  at skiltet lenge hang på ein lyspåle i krysset øvst i Bandadalen/Kringsjå, der elevar går til og frå Leirvik skule. Ein skule som i vår har gått frå å vera nedleggingstruga til å leva vidare.  Difor bør skiltet koma oppatt på pålen snarast.