– Ingen nostalgiske  «minnefunn» så langt

Minkar på Turnhallen. (Foto: Steinar Hystad)

Mannskapet frå  firma Rivenes AS er etter dagar med rivearbeid  av Turnhallen øvst i Borggata, blitt klare over at bygget som no forsvinn frå gatebiletet på Vikjo har betydd mykje for mange. Helst av den lett eldre  garde stordabuar, naturlegvis.  Turnhallen var eit brukshus for idrett og kultur og ikkje minst offentleg dans frå tidleg på 30-talet og fram til Kulturhuset overtok på tampen av 70-talet.  Tidlegare var det jo slik at sterkdrykk over sitronbrus i styrke gjerne vart konsumert utfor festlokalet og eit nærliggjande spørsmål til rivekarane er om dei i så måte har funne noko slags «attegløymsla» rundt eller i husnovene?

– Eit par tome vinflasker, men dei var av nyare dato, er  alt av «minnefunn», svarar dei med gode smilefjes. 

– Dei første dagane var det mange som stoppa opp og kikka på arbeidet vårt og kom med minnetale om kor kjekt dei hadde hatt det i Turnhallen i  yngre år.  Det var på dansen her at dei gjerne fekk oppleva sitt første kyss, fortalde dei. 

– Rørande kjekt å hjøyra på, seier «rivenesane» til Stordront.no

Mursteinen i veggen blir fyllmasse i grunnen under husværa i Turnhalltoppen som skal reisast på tomta. (Foto: Steinar Hystad)