Stord Open på Sageneset

Vinnar av trofeet i år, Olav Birkeland i midten, med Oddbjørn Rånes til venstre og Sigfred Framnes til høgre. (Foto: Birk)

Nyleg hadde Gubbetrimmen på Hystad skule si årlege avslutting for vårsesongen, på Sageneset hjå vertskapet Wenche og Jan Ove Sagenes.

Grunna det mykje varierande veret i det siste vart det hurtiginnkalla til stemne denne gongen, les: 25 timer på førehand. Likevel var deltakinga stor og veret og stemninga vart upåklageleg! Etter reker og leskedrykk, allsong og dragspel, vart troppen delt inn i to grupper av instruktøren på Hystad gjennom fleire generasjonar, Lars Mugaas. Den eine starta med skyting med luftgevær mens den andre følgd Kristian Lunde, instruktør for Gubbar på Vikahaugen, til hesteskokasting. Begge habile turnarar, ja faktisk i norgestoppen på 60-talet, som fortalde om tida med trening i Turnhallen som no om dagen vert riven. Det er ikkje få timar dei har tilbrakt der, og seinare som gode instruktører for gubbar på kvar sin haug.

Til slutt vart poenga fra dei to idrettsgreinene samla og verdige vinnarar kåra. Ja, aldri før har det enda med tre karar på samme poengsum, nemlig 75. Og etter eit kort komitémøte vart det Olav Birkeland som fekk trofeet med seg heim til peishylla og eit heilt år der. Det var fyrste gong han fekk trofeet, noko som dei to andre, Oddbjørn Rånes og Sigfred Framnes har fått fleire gonger!

Frå resultatlista:
(Skyting + hestesko = sum)

  1. Olav Birkeland 39+36 =75
  2. Oddbjørn Rånes 31+44 =75
  3. Sigfred Framnes 37+38 =75
  4. Olav Skorpen 33+28 =61
  5. Kyrre Danielsen 37+24 =61
  6. Gunnar Lone 33+22 =55
  7. Kjell Stalheim 28+24 =51
  8. Håkon Beltestad 32+17 =49
  9. Kjell Mongstad 33+16 =49
  10. Geir Otterå 33+16 =49
  11. Svein A. Birkeland 27+21 =48
  12. Jan Ove Sagenes 27+21 =48
  13. Tor Yttredal 27+9 =36

Tekst og foto: Birk