– Er det tidene som endrar seg?

Ta for eksempel ditta me’ avislesing før, e ‘kje så lenge si heller, og særli om bord i ferjene. Før va da rett bort te damo i kassen å kjøpa seg ein kaffikopp, ett rondstykkje med ost og papiravis. Så satt me der å leste te ei røyst kunngjorde at da blei landkjenning om få minutt.  No e kje lenger papiravis å få kjøpt om bord i ferjene. No e da  opp i salongen, opp me’ mobilen og inn i øyrene me’ kvite dingsar – og brått sitt (nesten) kvar og ein i si eiga verd. Dersom me då ikkje glømme oss litt ut og sprer samtalen vår ront på  andre passasjera.

– Ja, sånn e da blitt, tidene endrar seg, sei me jedna då som ei forklaring.  Men e da egentli tidene som endrar seg.  Eller e da ‘kje berre snakk om nye vana?

Nokre gode ordtak å ta med inn i helga:

– Ein liten dråpe kan få begeret til å renna over
– Betre med bekymring før – enn etterpå
– Den som ikkje vil ha råd – kan ein vanskeleg hjelpa
– Den som stikk hovudet i sanden, viser fram baken
– Den som vil smaka alt – må tola både søtt og salt

Nokre ord som alt for 50 år sidan var på veg ut av stordamålet

Hortig = sterk, dugande
Horveleg = rikeleg, meir enn vanleg
Ideleg  = jamt og samt, uavlateleg
Idest ikkje = lat, uviljug
Ile = søkkjestein som kan halda garn eller båt på plass