AlleMe fyller fire år og satsar for fullt

Prosjektgruppa AlleMe med representantar frå alle dei tre klubbane.

Flest mogleg, lengst mogleg – i eigen klubb er mottoet for klubbsamarbeidet mellom Stord, Solid og Trott. Dei populære fotballdagane før skulestart i august vert no utvikla vidare, fortel Svein Ove Eikenes i prosjektgruppa.

Det var under pandemien at AlleMe vart skipa. Gode tiltak for å bremse fråfallet frå fotballen har vore linja heile vegen.

Fotballdagane like før skulestart i august er hovudtiltaket. Her får 500 born i alderen 6-12 år på tvers av klubbane tre fine dagar med fotball, leik og nye venskap. Alle banar på Stord; Nysæter, Vikahaugane og Prestegardskogen er i full bruk frå klokka ti til to. 70 ungdommar frå alle klubbane er alt rekruttert som instruktørar og får kursing av fotballkretsen ein kveld på førehand, i tillegg til at dei får ei fin godtgjersle for arbeidet.

– Påmeldinga er open og vi har nærmare 100 born påmeldte til no. Det er lurt å melde seg på i god tid, slik at ein får plass.

Trond Mohn er også her ein stor bidragsytar

Sportsklubben Brann frå Bergen stiller også i år opp med trenarar på fotballdagane. Det er noko som mange set stor pris på.

Berekraft er framleis på dagsorden både når det gjeld matservering og gjenbruk av klede og anna utstyr.

Seinare på hausten vil AlleMe skipa til to arrangement med Brann-kampar i Bergen. Det var ein stor suksess i fjor og turane blei fullteikna på kort tid. I år blir det både dame- og herrekamp og det vil nok bli fullt i bussane som tek turen til Brann stadion til spennande kampar.

Årets trener-/lagleiarseminar går føre seg tysdag 22. oktober i Solidhuset. Tema er relasjonskompetanse, og ein satsar på å få med gode føredragshaldarar og trenarar på nasjonalt nivå som også vil ha ein treningsøkt med sonelaga til Sunnhordland same kveld til inspirasjon for lokale trenarkrefter. Seminaret har dei siste åra hatt rundt 80 deltakarar frå klubbar i heile Sunnhordland.

AlleMe hadde ikkje vore mogleg utan gode sponsorar og støttespelarar. For fjerde året på rad er Trond Mohn med som hovudsponsor.

– Vi er stolte og takknemlege over alle sponsorane som støttar opp med midlar og heiarop. Det gir energi og oppmuntring til arbeidet vårt.